Nyhende:

Innside invitasjon i jpg

2286_KristiAneVev_Plakat A3 Galleri Puls-page1

 

KristiAneVev-kåpe, nærbilde fiskebensmønster i lysegrønt og hvit t, 1967 fix           KristiAneVev- kåpe med pellerin,dobbeltvevet i rosarød, oransje,  beige. Sort-hvitt bilde scannet i gråtoner. Foto Einar Olsen 19 67 Fix

 

PRESSEMELDING, TRYKK HER

____________________________________________________________________________________________________

 

JUBILEUM: (13.08.2014)

KristiAneVev fyller 50 år i 2014.

30. august kl. 13 opnar utstillinga IDE Å KLE med 25 handvovne klesplagg og om lag 10 stofflengder i GalleriPULS i Norheimsund.

Velkomen til opninga laurdag 30.08!

Jubileet vart presentert i Norsk Husflid nr. 3, 2014

 

____________________________________________________________________________________________________

Ny trykksak april 2014: (13.08.2014)

ROSEspøt – RANKEmønster. Frodig symbolikk frå strømper til gryteklutar. Oppskrifter. Kristi Skintveit 2014. Hefte, 20 sider. Pris kr. 250,-. Same salstader som Jondalsokken, samt Ose Ullvare, Bygland i Setesdal. Kan tingast via post@kristianevev.no 


Salstader for Jondalsokken  13.08.2014– Galleri PULS, Norheimsund.
– Turistkontoret i Juklafjord AS, Jondal sentrum.
– Husflidskrokjen, Herand i Jondal.
– Hardanger Folkemuseum, Utne.
– KristiAneVev, Sætveithagen i Jondal.
 nyheter1

 


Jondalssokken 13.08.2014
Jondalssokken vert no også strikka i garnet STERK.
Det er eit mjukt, nylonforsterka garn i alpakka og merino,
som kan vaskast i maskin på ullprogram.
Materialpakke kr. 250,-. Sokkar str. M Kr. 450,-


 

NB praktbok – 13/08-2014

Boka “ÅKLEBRAGDER frå Jondal og kring Folgefonna” kom i sal 6. mai 2012. Den inneheld åklehistorie, mønster og heile 20 vevoppskrifter.  Kvart kapittel er markert med dikt av Olav H. Hauge og tekstil intarsia av Inger Johanne Rasmussen. Boka har mjuk innbinding, 114 sider og er i A4 format . Engelsk samandrag bak i boka.
Gåvekort eller bok kr. 400,- kan tingast via post@kristianevev.no 


Norsk Husflid19/9-2010

Presentasjon av Jondalsokken
– Tidskriftet Norsk Husflid nr. 4, 2010.


1.pris i tekstilt handverk 3/9-2010

Under husflidstevlinga på Dyrskun i Seljord 2010, har dei gjeve meg delt 1.pris i tekstilt handverk for produkta:
– Jondalsokken
– Lita napparye “Gyngenapp”
– Stor napparye “Sørfjord”.

nyheter3


Jondalsokken 2/9-2010

Har lansert Jondalsokken, et handstrikkeprodukt. Prosjektet er støtta økonomisk av Folgefonnlandsbyen Jondal gjennom Jondal kvinne- og familielag / strikkekafeen Opplagt.

HISTORIA BAK JONDALSOKKEN

Behovet for eit jondalsprodukt har dukka opp frå tid til anna etter at eg flytta hit og ideen om at det kunne vera sokkar fekk eg på strikkekafeen i Jondal. Idéen er òg knytt til Erling Vik sitt sokkedikt på Jondal mållag sin nye CD.

Mønster og utforming er inspirert av ein gamal suvenir for Jondal, ein støypt skistøvel med synleg sokkebrot, Jondal som innfallsport til fonna med rike skitradisjonar og ikkje minst mine strikkande formødrer som har lært meg finessar for å gje strikkeklede god form.

Strikkekaféen OPPLAGT er 4 år og driven av Jondal kvinne- og familielag. Tradisjonen oppstod som eit storbyfenomen i Amerika og har gjort det in for ungdomar å strikka sjølv.

Ide og design av produkt: Kristi Skintveit.

Produksjon: KristiAneVev

Grafisk profil trykksaker er utvikla i samarbeid med RISS grafisk formgjeving AS.

Produktet er todelt: Ferdige sokkar eller garnpakke m/mønster.

Sokken er strikka i 3tråds Rauma strikkegarn, 100 % ull.

nyheter4 nyheter5