Åkle og Ryer

akleogryer1

Båt- og sengeryer vert kalla nappa-ryer eller nappa-åkle. Ryer har ei glatt og ei lodden side. Glattsida er vevd og den lodne sida er knytt. I prydryer, som me har best kjennskap til i dag, er glattsida ein nøytral, separat botn som nappet er sydd fast i etter vevinga. Nappet utgjer den lodne prydsida av rya, som då er i rike mønstre og fargar. Kvaliteten er tilpassa bruk i rom.

I tradisjonell bruk av båt- og sengeryer vender den glatte sida fram og rya er knytt undervegs i vevinga. Kvaliteten er tilpassa bruk for kropp gjennom eit samspel mellom den glatte og den lodne sida.

Eg har spesialisert meg på bruksryer og lagar moderne ryer fritt etter dei gamle i det beste som er å få av glansfullt nordisk spesialgarn. Eg tek og mot spesialbestilling der kunden kan få vevd ei rye frå sitt eige distrikt, gjerne og med eigen signatur eller bumerke, og årstal. Sjå rye frå Vefsn og rye frå Sunnmøre nedanfor.

Rye 2001 “Jondal 1”

Plantefarga spelsaugarn
Storleik: 135 x 170 cm

Pris: kr 20.000,- 

SOLGT

akleogryer2

Rye 2001 “Jondal 2”

Høgre: Nappside
Under: Glattside

Pris: kr 15.000,- 

Send forespørsel

Desse bileta er henta frå Sissel Beate

Skar sitt intervju med

meg i Norsk Husflid nr 5 2001.

akleogryer3

akleogryer4

Rye frå Vefsn

Detalj av rye frå Vefsn
tidleg 1800-tal

Vefsn museum
Mosjøen

akleogryer5

Rye frå Sunnmøre

Gamal rye frå Sunnmøre. Initialane står for Anders Nordal, som hadde rya med til Hardanger tidleg på 1900-talet. Mønsteret er typisk for kystryer frå Møre og nordover. Rya er i privat eige.

akleogryer6

Vossarye 1: “Gitter”

Ny napparye, vist frå nappsida.
Vevd fritt etter gamal vossarye

Kvalitet: Spelsaugarn
Storleik: 125 / 175

SOLGT

akleogryer7

Vossarye 3: “8 åttebladroser”

Ny napparye, vist frå glattsida
med knutar.Nappa side vises overst på siden.

Vevd fritt etter gamal vossarye.

SOLGT
akleogryer8

akleogryer9

Krokbragd 1: “Annemor”

Nytt krokåkle,
vevd fritt etter gamalt krokåkle
frå Byrkjeland, Jondal.
Kvalitet: Prydvev-spelsaugarn
Storleik: 135 / 195

SOLGT

akleogryer10
akleogryer11

Krokbragd 2: ” Svanhild “

Nytt krokåkle,
vevd fritt etter gamalt åkle
frå Pile/Solesnes, Jondal.

Kvalitet som over
Storleik: 85 / 145

SOLGT

 akleogryer12 akleogryer13

Fillerye 1: ” Stemning ved fjorden”

Design, fargar og storleik etter avtale. Her tilpassa gamalt hus i
Garden / Sætveittunet, Jondal.

Kvalitet: Bomull
Storleik:
Bredde. 75 cm
Lengde: 2 – 3,5 m

Pris: kr 750,- pr.m.

Send forespørsel

 

 akleogryer14

Napparye “Ringøy 1”

Kval.: 100 % ull, spesialgarn

Str.: 132×175 cm.

Pris: Kr. 9 500,-

Send forespørsel

akleogryer1617

akleogryer15
 

Napparye “Ringøy 2”

Kval.: 100 % ull, spesialgarn.

Str.: 132×165 cm.

Pris: Kr. 9 500,-                        

Send forespørsel

akleogryer18 
akleogryer1920

Krokbragd 3 “Herborg”

Kval.: Lin og spesialspunnen ull av spælsau.

Str.: 120x185cm.

Pris: Kr. 15 000,-                     

Send forespørsel

akleogryer21
 
akleogryer22