Stoffer og Sjal

“Ideer blir stoffer blir klær”

Stoffer og sjal har vore den største produktgruppa og eg har laga hundrevis av variantar. Best kjend er eg for kraftfulle dobbelvevde drakt- og kåpestoff med matchande tynne stoff som tilbehør. Desse medverka til at eg fekk Lunningprisen i 1967.

Her syner eg nokre av dagens produkt med fargealternativ.
Nye produkt vil verta lagt ut på nettet tid om anna.
Sjå også mitt tekstilfaglege manifest nedst på sida.

StofferogSjal1 StofferogSjal2
Gylne triangel, stoff i ull-mohair-silke,
foto Olav Bjørkum
Storleik og pris etter avtale.
Send forespørsel
Kyrkjeåret, stoff i ull og mohair,
foto Olav Bjørkum
Storleik og pris etter avtale.
Send forespørsel
StofferogSjal3 StofferogSjal4
Strøtanke, stoff i ull og mohair,
foto Olav Bjørkum
Storleik og pris etter avtale.
Send forespørsel
Store sjal,ull, lin og silke
foto Synneva Skintveit
Storleik og pris etter avtale.
Send forespørsel
StofferogSjal5 StofferogSjal6
© Kristi Skintveit / Bono
“Dronning-sjal”

Storleik: 80 x 250 cm
Ull / silke
Pris: kr 3.000,-

Send forespørsel

© Kristi Skintveit / Bono
Stoffer

Kupongar i storleik 100 x 300 cm
Ull / silke
Pris: kr 3.000 – 4.000,-

Send forespørsel

Fargealternativ: Blå, mørkeraud (aubergine) og mosegrøn.
StofferogSjal7 StofferogSjal8
© Kristi Skintveit / Bono
“Språk i vev”

med smetta mønster
Storleik: 100 x 225 cm
Pris: kr 2.500,-

Send forespørsel

© Kristi Skintveit / Bono
“Carmen”

Kvadratisk sjal i ull og mohair
Storleik: 140 x 140 cm
Pris: kr 2.500,-

Send forespørsel

“Språk i vev” finns óg som splitt-sjal, d.v.s. at det kan bærast som ein vest eller ein poncho. Fargealternativ:
Blå, grå eller svart/kvit
Storleik: 100 x 150 cm m/splitt frå nakken og fram
Pris: kr 2.500,-
Pris utan smetta mønster: kr 1.800,-

“Carmen” finns óg som pledd
Storleik: 130 x 210 cm
Pris: kr 3.000,-

“Sjakk etter Bali”

Dekorativ lengde i dobbelvev
Ull og silke
Storleik: 100 x 300 cm

Innkjøpt av Skrivekunstakademiet i Hordaland

StofferogSjal9

© Kristi Skintveit / Bono

Eg har alternative fargar til sals:

“Sjakk-pastell”, spesifikasjon som over, pris kr 10.000,-

“Sjakk-tweed”, 100% ull, kamgarn/tweed, pris kr 7.500,-

Høver også som stoff til klede eller pledd.

Send forespørsel

TEKSTILFAGLEG MANIFEST, juni 1999.

(Skreve i høve Harding Puls sin utstiIling på Hardanger Folkemuseum, Utne, juli- august 1999.)

“Tekstil-tekstil”.

Tekstil er ei lett assosierbar nemning. Ein vevnad har eit tekstilt uttrykk.
Med uttrykk meiner eg det me sansar.
Eg avgjer først kva føremål og storleik vevnaden skal ha,så skapar eg eit uttrykk med trådar og teknikk,
– trådane kan vera av ymse materiale, tjukkleik og farge,
– teknikken, enkel eller komplisert,
– storleiken, liten eller stor, avgrensa eller “uendeleg”,
– føremålet, pryd eller nytte.
Korleis eg vektlegg komponentane i høve til kvarandre vert avgjerande for kva tekstilt uttrykk eg oppnår.

Tekstilar, ja, kanskje særleg vevnader, er allemannseige og forankra i tradisjonar. Enten tekstilen er ullteppe, striesekk, blåtøy eller biletvev, så assosierar me straks med eit spesifikt tekstilt uttrykk og bruksområde.

Når eg vev, freistar eg å utfordra det kjende med nyskapande element, utan prangande verkemedel. Eg fantaserer innan sjølvpålagde grenser og utnyttar motsetnader som:
– tjukk – tynn
– varm – kald
– blank – matt,
for å oppnå spenningar i uttrykk og kvalitet. Eg tøyer elementær kunnskap og enkle reglar. Det er ikkje naud, men skapartrong og kjærleik til tekstilar som driv meg, – eit overskotsfenomen i kunsthandverkets namn.

Kristi Skintveit, MNK.

PS: Einskilde moderne tekstilkunstnarar utfordrar sjølve det tekstile uttrykket og skaper kunstverk, i
tekstilkunstens namn, som vanskeleg let seg sansa og assosiera som tekstil. Difor vert omgrepet “tekstil-tekstil” gjerne nytta om den meir tradisjonsnære tekstilkunsten og det tekstile kunsthandverket. DS.