KristiAneVev – Kristi Skintveit, MNK
kristianevev
Eg vart fødd på eit småbruk i Nordhordland i 1942 og tok til å
veva allereie som 10-åring. Etter skuIar og vev-praksis i Bergen
og Oslo, kjendes det rett og spanande å etablera eiga vevstove i
Plus-senteret, Gamle Fredrikstad, i 1964.

Moteverda med sesongvise kolleksjonar fascinerte meg, og i
1967, etter utstillinga: “Ideer blir stoffer blir klær” i Oslo, vart eg
tildelt den skandinaviske designprisen: “Lunningprisen” for ull-
tekstilar til klede og samarbeid med teiknar, modellør og systove.

Kleda skal visast på jubileumutstillinga IDE Å KLE hausten 2014.

 

 

 

Tidleg på 70-talet arbeidde eg som industridesignar og vevlærar til eg i 1976
fekk arbeids-stipend og i 1978 garantert minsteinntekt frå staten.
Så kom ei tid prega av kunsthandverkarane sin kamp for statusheving og likestilling med biletkunstnarane. Eg var aktiv i denne prosessen og hadde mange fagpolitiske verv. Eg tok og fleire formidlingsinitiativ som, med gode støttespelarar og samarbeid, førde til:
….tekstilgruppa i Bergen og KLÆR 80-prosjektet
….etablering av eige galleri for kunsthandverkarane; Galleri 2/NK
….tekstil landsdelsutstilling under NK; KRYSS (crossing-borders)
….førebuing til etablering av FORMAT i Bergen
Samstundes skapte eg tekstilar, både til klede og interiør, fekk fleire stipend og deltok på utstillingar. (Sjå kompetanse-side)

kristianevev2
Det var eit behov for tid, rom og kontemplasjon som førde meg til Jondal i 1996. Eg leita etter ei ny produkt-gruppe og i januar 2000 fekk eg ideen å fornya tradisjonen med ryer som båt- og sengklede, dei såkalla nappa-ryene, eller nappa-åkleda, som dei vert kalla i Hardanger. Gav ut mønsterheftet: SOM FELL – SÅ RYE. (Sjå prosjekt-side ) Det førde meg vidare til krokåklea, med boka ÅKLEBRAGDER og utstillinga BRAGD i 2012. Og som om ikkje eige jubileum var nok i 2014, gav eg ut mi tredje trykksak på eige forlag, heftet: ROSEspøt – RANKEmønster, som honnør til formødrene våre og den rike mønsterarven dagens formgivarar kan ausa av.   

 

kristianevev3
Heim og vevstove ved
Hardanger-fjorden.

Hagen min
og utsikt frå vevstova.

 

 

 

 

Aktuelle linkar:
Kristi Skintveit på Harding Puls
Harding Puls
Norske kunsthåndverkere