JONDALSOKKEN

Handstrikkeproduktet Jondalsokken vart lansert i 2010 med stønad frå “Folgefonnlandsbyen Jondal” gjennom Jondal kvinne- og familielag / strikkekafeen OPPLAGT.

HISTORIA BAK JONDALSOKKEN

Behovet for eit jondalsprodukt har dukka opp frå tid til anna etter at eg flytta hit og ideen om at det kunne vera sokkar fekk eg på strikkekafeen i Jondal. Idéen er òg knytt til Erling Vik sitt sokkedikt på Jondal mållag sin nye CD.

Mønster og utforming er inspirert av ein gamal suvenir for Jondal, ein støypt skistøvel med synleg sokkebrot, og Jondal som innfallsport til fonna med rike skitradisjonar. Mine strikkande formødrer har lært meg finessar for å gje strikkeklede god form.

Strikkekaféen OPPLAGT vart stifta i 2006 av Jondal kvinne- og familielag. Strikkekafear oppstod som eit storbyfenomen på 1990-talet og har gjort det in for ungdomar å strikka sjølv.

Ide, design og tekst: Kristi Skintveit.

Produksjon: Kristi Skintveit / KristiAneVev .

Grafisk profil trykksaker er utvikla i samarbeid med RISS grafisk formgjeving AS, Øystese.

Produktet er todelt: Ferdige handstrikka sokkar eller garnpakke m/mønster.

Sokkane er strikka i 3tråds Rauma strikkegarn, 100 % ull.

Ønsker du mer informasjon og oppskrift, trykk her for å se brosjyren til Jondalsokken

jondalsokken1jondalsokken2 jondalsokken3