Prosjekt

Som fell – så ryer produkter1

Skinnfellen er ryene sitt førebilete.
Vikingane nytta ryer både som kapper og
tepper. Nordover langs kysten var båtryer i
bruk fram til byrjinga av 1900-talet. I
Hardanger har eg funne båt- og sengeryer
frå perioden 1850-1970

  

 

Ei typisk sørfjord-rye, Hardanger, 1940

produkter2
Bilete: Stor napparye “Sørfjord”.
Kval.: 100% ull, prydvevgarn og Ullma
ryegarn.
Storleik: 160 x 195 cm.
Produksjonsår 2006 – 2008
Pris etter avtale.

 

 

Føremålet med prosjektet er å
… dokumentera ryetradisjonen i Hardanger og gjera den kjend
… setja den lokale tradisjonen inn i ein større geografisk samanheng
… skapa nye produkt med bakgrunn i gamaI tradisjon …
og stimulera til kurs, produksjon og ny bruk
Eige prosjekt med tema: Som fell – så ryer
© Kristi Skintveit / Bono

 

produkter3

Eg har samarbeidd med Hardanger
folkemuseum på Utne og Norsk
Sjøfartsmuseum på Bygdøy for å kunna visa
fram og formidla kunnskap om
hardangerryene. Eg har og hatt
presentasjonar av ryer i Kvam og Jondal.
Bilete: Båtrya “Kyst-Soge 2008″.

Kval.: 100% ull, prydvevgarn, spælsau
ryegarn og litt filleklipp.
Storleik: 130 x 180 cm.
Produksjonsår 2007 – 2008.
Pris etter avtale.

 

 I tillegg har eg gjeve ut eit mønsterhefte med nappa-åkle.
Den har ein kort gjennomgang av historikk, teknikkar og 8 gamle mønster.
For 6 av desse er det framlegg til oppskrift for veving i dag.
Pris kr 150,- ved henv. til KristiAneVev.

I årboka “Hardanger” for 2001 (utgjevar: Hardanger Historielag) har eg ein fyldigare artikkel og mange bilete.
Pris kr 150,- ved henv. til Hardanger Folkemuseum, Utne
(E-post: mail@hardanger.museum.no)

Hausten 2002 hadde eg kurs på Holmen Gård og medverka til ein stor ryeutstilling der.

produkter4
produkter5
Typisk renning til napparye.  Veving – knyting av napparye