|
|
KristiAneVev - Kristi Skintveit, MNK | Eg vart fødd på eit småbruk i Nordhordland i 1942 og tok til å veva allereie som 10-åring. Etter skuIar og vev-praksis i Bergen og Oslo, kjendes det rett og spanande å etablera eiga vevstove i Plus-senteret, Gamle Fredrikstad, i 1964. Moteverda med sesongvise kolleksjonar fascinerte meg, og i 1967, etter utstillinga: "Ideer blir stoffer blir klær" i Oslo, vart eg tildelt den skandinaviske designprisen: "Lunningprisen" for ull-tekstilar til klede og samarbeid med teiknar, modellør og systove.
|

|
| Tidleg på 70-talet arbeidde eg som industridesignar og vevlærar til eg i 1976 fekk arbeids-stipend og i 1978 garantert minsteinntekt frå staten. Så kom ei tid prega av kunsthandverkarane sin kamp for statusheving og likestilling med biletkunstnarane. Eg var aktiv i denne prosessen og hadde mange fagpolitiske verv. Eg tok og fleire formidlingsinitiativ som, med gode støttespelarar og samarbeid, førde til: ....tekstilgruppa i Bergen og KLÆR 80-prosjektet ....etablering av eige galleri for kunsthandverkarane; Galleri 2/NK ....tekstil landsdelsutstilling under NK; KRYSS (crossing-borders) ....førebuing til etablering av FORMAT i Bergen I denne tida hadde eg sporadisk produksjon av sjal, pledd, stoff og meir dekorative spesialoppdrag, og eg fekk fleire stipend. (Sjå kompetanse-side) | 
| Det var eit behov for tid, rom og kontemplasjon som førde meg til Jondal. Eg leita og etter ei ny produkt-gruppe og i januar 2000 fekk eg ideen å fornya tradisjonen med ryer som båt- og sengklede, dei såkalla nappa-ryene, eller nappa-åkleda, som dei vert kalla i Hardanger. (Sjå prosjekt-side ) |
| Heim og vevstove ved Hardanger-fjorden.
Hagen min og utsikt frå vevstova. | 
|
| Aktuelle linkar: Kristi Skintveit på Harding Puls Harding Puls Norske kunsthåndverkere |
|
| | | |
|