Bøker og mønsterhefte

Utgitt av eige forlag: KristiAneVev / Kristi Skintveit

 
 
2286_KristiAneVev_Plakat-A3-Galleri-Puls-page1-724x1024.jpg


Idé å kle

Katalog frå jubileumsutstilling for KristiAneVev, 1964-2014.
Kr. 80,-

Sjå meir av katalogen her.

 
Rosespøt_Rankemønster.jpg

Rosespøt - rankemønster

Frodig symbolikk frå strømper til gryteklutar.

Heftet har 20 sider med presentasjon av fire av dei gamle strømpemønstera i Hardanger og oppskrifter til fire nye produkt: Gryteklutar, pute/sitjeunderlag, Kvammasokken og Jondalsokken.
Idè, tekst og val av  dikt og foto: Kristi Skintveit/KristiAneVev

Pris: kr. 250,-
ISBN

Sjå meir av oppskriftheftet her.

 
IMG_2387.JPG
 
IMG_2204.JPG
 
IMG_2372.JPG
 
20202_image1.jpg

“Som fell-så ryer” – nappaåkle i Hardanger

Heftet dokumenterer senge- og båtryer i Hardanger. Det fortel om historia og teknikken og gir innblikk i seks mønstergrupperingar, som det òg er oppskrifter til. Det kom ut i 2001, har 22 sider som lausbladsystem sett inn i hurtigperm. Såleis kan ein ta ut den oppskrifta ein skal veva etter.

Pris: kr. 200,-

Sjå meir av prosjektet her.

 

ÅKLEBRAGDER – frå Jondal og kring Folgefonna

Historie, mønster og oppskrifter. Boka har 114 sider, inkludert 20 oppskrifter og har mjukt omslag. Den handlar i hovudak om førebuing til veving og veving av dei gamle kvardagsåklea: skakktennte åkle, brautåkle og krokåkle. Teoridelen har samandrag på engelsk. Kapitla har “skiljeark” med collage sett saman av tekstil intarsia av Inger Johanne Rasmussen og dikt av Olav H. Hauge. Idè, tekst og val av dikt og foto: Kristi Skintveit/KristiAneVev

Pris: kr. 390,-
ISBN 978-82-303-2016-7

Sjå meir av heftet her.

 

Ruteåkle frå sæbø

Heftet “Ruteåkle frå Sæbø, Nordhordland” har 27 sider i str. A4 og vart laga som særoppgåve ved Vestnorsk Kulturakademi, tekstilkultur 2 - 2015. Det handlar om å finna opphavet til eit åkleminne frå barndomen min og viser 12 heile åkle med detaljar, mønster og teknikkar. ISBN 978-82-690037-3-4
Pris kr 250,-

Sjå fleire bilete frå heftet her.

 

“Noli-ka. Reisa til Hardanger”

Idè, forteljing, teikning og japansk skrift: Ayako Ito, Tokyo, Japan
Nynorsk skrive etter munnleg forteljing: Kristi Skintveit
Forlag: KristiAneVev – Kristi Skintveit
Boka kom ut i 2015. Den er innbunden og har 40 sider.

Pris: kr. 200,-
ISBN: 978-82-690037-0-3

Sjå meir av boka her.