STRIKK

Handstrkking av klede har vore eit viktig arbeid for kvinner, lett å kombinere med anna. Etter at industrien tok over, har det ikkje vore like turvande. Det har i staden blitt eit motefenomen med god hjelp av strikkekaféar, sosiale mediar og eit vell av ulike strikkebøker. Etter kvart som eg måtte trappa ned vevinga, har eg hatt gleda av å utvikla mønster og strikka lokale produkt. Strikkande formødrer har lært meg finessar for å gje strikkeklede god form. Det inneber og stell av handstrikka klede. No har me skånsom maskinvask og herda ullgarn, men eg har erfart at for plagg med partivis både ein og to fargar, vil dei tofarga partia krympa. For sokkene gjeld det brotet som då blir for trangt. Eg tilrår difor handvask. 

 
 
Fonnavott 2, Dråpeheller med vårdryss. Kristi Skintveit 2017. Copyright.JPG
 
IMG_2399.JPG

Fonna-vottane

Fonna-vottane er utvikla til konkurransen om Folgefonnvott i 2017. 
Dei er inspirerte av natur og kultur på og kring Folgefonna.
Meir om Fonna-vottane her...

 

JONDALSOKKEN

Jondalsokken vart lansert i 2010 med stønad frå Jondal kommune gjennom prosjektet "Folgefonnlandsbyen Jondal". Den er inspirert både av gamaldags bruk i beksaumstøvlar, lokale dikt og Jondal som moderne vintersportstad. Til dagens bruk er den helst ei kjærkome gåve-, kvile- og hyggesokk. 
Meir om Jondalsokken her...

 
Kristi Skintveit MNK, stoffer 1967 og sokker 2017. IMG_2307.JPG

SIKKSAKK-SOKKEN

Sikksakk-sokken er inspirert av OP Art-stoffa eg vov på 1960-talet. For desse stoffa og andre motekolleksjonar fekk eg den skandinaviske Lunningsprisen i 1967.  Som tributt, 50 år etter, børsta eg støv av eit råd frå tekstilkunstner Eli-Marie Johnsen (1926-2015): "OM DU IKKE ER I FORM TIL Å VEVE, KAN DU ALLTID STRIKKE SOKKER."
Meir om Sikksakk-sokken her...

 
IMG_2349.JPG
 
IMG_2377.JPG

Kvammasokken

Handstrikkeprodukt som materialpakke eller ferdige sokkar. Mønsteret kjem frå gamalt sokkemønster i Kvam. Historikk og oppskrift står i heftet ROSEspøt – RANKEmønster.
Meir om Kvammasokken her...

 

Grytekluten "Ta grep"

Handstrikkeprodukt som materialpakke eller ferdig vare. Mønsteret kjem frå gamalt strømpemønster i Jondal. Historikk og oppskrift står i heftet ROSEspøt – RANKEmønster.
Meir om grytekluten "Ta grep"...