Fonna-vottane

Fonna-vottane er utvikla til konkurransen om Folgefonnvott i 2017. Dei er inspirerte av natur og kultur på og kring Folgefonna. Opplegg og striper på brota symboliserer fjorden med krusingar og bølgjer mot land. Rutene rundt brota og nettverket på grepsidene er “marespjeld” som i folkekunsten, for å stengja vonde makter ute.

Fonnavott 1 venstre. Bratt lende. kristi Skintveit, copyright 2017..JPG
IMG_2367.JPG

“Bratt lende"
1. Strikka for gutar og menn i 3-tråds Rauma strikkegarn.
Mønsteret symboliserer stor høgdeskilnad med grøderikdom ved fjorden og is og snø på fonna.

IMG_2360.JPG
IMG_2363.JPG

“Bratt lende"
2. Strikka for jenter og kvinner i Hifa-garnet Ask.
Mønsteret symboliserer stor høgdeskilnad med grøderikdom ved fjorden og is og snø på fonna.

Fonnavott 2, Dråpeheller med vårdryss. Kristi Skintveit 2017. Copyright.JPG

”Dråpeheller med vårdryss”
Mønstret symboliserer skifertak i vår- og sumarskrud, som er brodert i maskesting etterpå.

Fonnavott 3 venstre. Kryss i mønet og helletak. Kristi Skintveit 2017. Copyright..JPG
Fonnavott 3 høgre. Kryss i mønet og helletak. Kristi Skintveit, Copyright 2017.JPG

"Kryss i mønet og helletak”
Symboliserer byggeskikk og hellemønster. Inni handa ligg såkornet, spiren til grøda langs fjorden.
Når kvit og svart, lys og mørke (gode og vonde makter) er i balanse, blir det eit grøderikt år.

SPESIFIKASJONAR

Kvalitet: Norsk, 100% ullgarn. Alle vottane utanom “Bratt lende” 1. er strikka i Hifagarnet Ask.
Stell: Handvask 30°C, skyll godt, tørk dei flate og i fasong, damp gjennom fuktig klede. 
Fonna-vottane vert førebels kun selde frå KristiAneVev, som ferdige votter eller materialpakke. 
Leveringstid 2018: Ferdige votter 2 månader, materialpakke 3 veker.
Pris i raumagarn: Kr. 950,- / Materialpakke: 350,-
Pris i hifagarn: Kr. 900,- / Materialpakke: 300,-

Må ikkje forvekslast med den utkåra og premierte Folgefonnvotten som Magni Solheim Meling, Lofthus, har utvikla for Folgefonn Husflidslag.