Historikk

 

KristiAneVev
– Kristi Skintveit, MNK

 

CV

KART

Eg vart fødd på eit småbruk i Nordhordland i 1942 og tok til å
veva allereie som 10-åring. Etter skuIar og vev-praksis i Bergen
og Oslo, kjendes det rett og spanande å etablera eiga vevstove i
Plus-senteret, Gamle Fredrikstad, i 1964.

Moteverda med sesongvise kolleksjonar fascinerte meg, og i
1967, etter utstillinga: “Ideer blir stoffer blir klær” i Oslo, vart eg
tildelt den skandinaviske designprisen: “Lunningprisen” for ull-
tekstilar til klede og samarbeid med teiknar, modellør og systove.

Kleda vart viste på jubileumutstillinga IDE Å KLE hausten 2014.

Tidleg på 70-talet arbeidde eg som industridesignar og vevlærar til eg i 1976 fekk arbeids-stipend og i 1978 garantert minsteinntekt frå staten.
Så kom ei tid prega av kunsthandverkarane sin kamp for statusheving og likestilling med biletkunstnarane. Eg var aktiv i denne prosessen og hadde mange fagpolitiske verv. Eg tok og fleire formidlingsinitiativ som, med gode støttespelarar og samarbeid, førde til:
– Tekstilgruppa i Bergen og KLÆR 80-prosjektet
– Etablering av eige galleri for kunsthandverkarane; Galleri 2/NK
– Tekstil landsdelsutstilling under NK; KRYSS (crossing-borders)
– Førebuing til etablering av FORMAT i Bergen
Samstundes skapte eg tekstilar, både til klede og interiør, fekk fleire stipend og deltok på utstillingar. Sjå CV

Det var eit behov for tid, rom og kontemplasjon som førde meg til Jondal i 1996. Eg leita etter ei ny produkt-gruppe og i januar 2000 fekk eg ideen å fornya tradisjonen med ryer som båt- og sengklede, dei såkalla nappa-ryene, eller nappa-åkleda, som dei vert kalla i Hardanger. Gav ut mønsterheftet: SOM FELL – SÅ RYE. (Sjå CV) Det førde meg vidare til krokåklea, med boka ÅKLEBRAGDER og utstillinga BRAGD i 2012. Og som om ikkje eige jubileum var nok i 2014, gav eg ut mi tredje trykksak på eige forlag, heftet: ROSEspøt – RANKEmønster, som honnør til formødrene våre og den rike mønsterarven dagens formgivarar kan ausa av.