Sikksakk-sokken
 

Sikksakk-sokken er inspirert av OP Art-stoffa eg vov på 1960-talet. For desse stoffa og andre motekolleksjonar fekk eg den skandinaviske Lunningsprisen i 1967.  Som tributt, 50 år etter, børsta eg støv av eit råd frå tekstilkunstner Eli-Marie Johnsen (1926-2015): "Om du ikke er i form til å veve, kan du alltid strikke sokker."

 
Kristi Skintveit MNK, stoffer 1967 og sokker 2017. IMG_2307.JPG

Spesifikasjonar

Garn: STERK frå "Du store alpakka" 40% alpakka, 40% merino, 20% nylon, eller Raumagarn PT5, 80% ull, 20% nylon. 
Det trengs 2 nøste grunnfarge, 1 nøste mønsterfarge. 
Fargar: Friske fargar, gjerne i litt sære samansetningar. Mørkere grunnfarge enn mønsterfarge eller omvendt. 
Stell: Handvask 30°C, skyll godt, tørk dei flale og i fasong, damp gjennom fuktig klede.
Pris: Ved sal frå KristiAneVev, sokkar kr. 840,- / Materialpakke kr. 300,- / Oppskrift kr. 100,-

 
IMG_2346.JPG
 

Idéen til Sikksakk-sokken starta eigentleg hausten 2016, som bidrag til konkurransen “Varm på foten” som Norges Husflidslag lyste ut. Då var kriteriet 80-100% norsk garn, men eg fann ikkje eit som framheva mønsteret rett. Raumagarn PT5 med 80% ull vart fint, men fabrikken kunne ikkje garantera at det var norsk ull, så sokkane fall utanfor konkurransen. Trøysta er at dei vart sende vidare til eit flyktningmottak. Så måtte eg strikka prototypen på nytt, og det førte til at eg såg koplinga til Op Art stoffa og alle fargane, og at eg hugsa sokkestrikkerådet som eg hadde fått.

 
 
IMG_2380.JPG
IMG_2348.JPG
Kristi Skintveit MNK, stoffer 1967 og sokk 2017. IMG_2297.JPG
Sikksakk-sokken er inspirert av dei vovne OP Art-stoffa frå 1960-talet. 

Sikksakk-sokken er inspirert av dei vovne OP Art-stoffa frå 1960-talet. 

Sikksakk-sokken i Rauma PT5 garn. Kristi Skintveit Copyright 2016. Bono.JPG