Jondalsokken

Handstrikkeproduktet Jondalsokken vart lansert i 2010 med stønad frå “Folgefonnlandsbyen Jondal” gjennom Jondal kvinne- og familielag / strikkekafeen OPPLAGT.

 
Fargealternativ Jondal-sokken.

Fargealternativ Jondal-sokken.

Mønsterhefte og garnpakke med mønster. 

Mønsterhefte og garnpakke med mønster. 

spesifikasjonar

Produktet er todelt: Ferdige handstrikka sokkar eller garnpakke m/mønster.
Jondalsokken vart opphavleg strikka i Rauma 3-tråds strikkegarn, 100% ull. No tilrår eg alpakkagarnet STERK eller ullgarnet PT5, som begge er nylonforsterka.
Kvalitet: 40% alpakka, 40% merino og 20% nylon eller for PT5 80% ull og 20% nylon
Stell: Handvask 30°C, skyll godt, tørk dei flale og i fasong, damp gjennom fuktig klede.
Pris: Materialpakke: kr. 250,- Ferdige sokkar: kr. 425,-/475,- alt etter storleik

Frå presentasjonen av lokale produkt i Juklafjord, Jondal.

Frå presentasjonen av lokale produkt i Juklafjord, Jondal.

HISTORIa BAK JONDALSOKKEN

Behovet for eit jondalsprodukt har dukka opp frå tid til anna etter at eg flytta hit og idéen om at det kunne vera sokkar fekk eg på strikkekafeen i Jondal. Idéen er òg knytt til diktet "Tankar kring eit par svarte sokkar" av den lokale poeten Erling Vik (1933-2016). På CD laga av Jondal Mållag i 2010.

Mønster og utforming er inspirert av ein gamal suvenir for Jondal, ein støypt skistøvel med synleg sokkebrot, og Jondal som innfallsport til fonna med rike skitradisjonar. Strikkande formødrer har lært meg finessar for å gje strikkeklede god form.

Strikkekaféen OPPLAGT vart stifta i 2006 av Jondal kvinne- og familielag. Strikkekaféar oppstod som eit storbyfenomen på 1990-talet og har gjort det in for ungdomar å strikka sjølv.

Oppdatert mønster står i heftet ROSEspøt – RANKEmønster.